Det brenn, det brenn. Tegning 1,5m x 8m. Norsk skogmuseum
Det brenn, det brenn. Utsnitt 1
Det brenn, det brenn. Utsnitt 2
Det brenn, det brenn. Utsnitt 3
Det brenn, det brenn. Detalj.
Orda Det brenn, det brenn har eg hatt hengande på ein lapp på atelierveggen min i mange år. Dette som ei stadig påminning om at noko heile tida står på spel, og om den akutte tilstanden jorda vår er i. Under overflata ulmar det og av og til flammar det opp. Verdas eldste ulmebrann har brent djupt under bakken i over 6000 år. Alt vi ser og ikkje ser. Teikninga på 1,5x8m er gjort med blyant, kol, krit og feittstift. Noko av kolet eg har brukt er frå eit tusen år gamalt forkola oliventre i Itailia, som vart slått ned av lynet. Dette ga ein eigen dimensjon til tematikken, samt at kolbitane var mjuke og hadde ein heilt eigen eigenskap. Foto: Øystein Thorvaldsen.